Vaksine
Du har rett til å få vaksinering mot smittsame sjukdommar. Det er kommunen si helseteneste som står for tilbodet.
Tenesteomtale
Helse- og omsorgstenesta tilbyr deg vaksinering mot smittsomme sjukdommar. Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen. Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld
-
barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
-
årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
-
vaksinasjon mot pandemisk influensa
-
vaksinasjon mot covid-19
-
andre vaksinar til visse risikogrupper (t.d. pneumokokkvaksine, hepatittvaksine, BCG)
Målgruppe
Personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen
Kriterium/vilkår
Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset kva for personar som er i risikogruppene og som skal få tilbod om sesonginfluensavaksinasjon. Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.
Pris for tenesta
Barnevaksinasjon og vaksinasjon mot covid-19 er gratis. Elles betaler du ein eigendel.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Høve til å klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
Tjenesten oppdatert: 27.04.2021 16:33